Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Oslo bispedøme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
A CS RA G C GE EEE EES PE I
SURUS SUE
digerdöden), var den siste bispen i Oslo som
vart vald ay domkapitlet. Bispeval i
kapitlet seinare vart ikkje godkjende av paven,
men bispane vart utnemnde etter paveleg
provisjon, og laut ut med store
pengesummar for embetet. I 1540-åra vart kapitlet
ved Mariakyrkja, som etter 1319 ikkje stod
so sterkt som før, slege saman med
domkapitlet i Oslo.
I slutten av det 14. hundreåret hadde
domkyrkja i Oslo 20 præbender (seinare 21) og
15 altar (seinare 20). Bispedømet fekk i alt
12 visse kloster; 4 av dei låg i Båhuslen.
Av dei andre 8 hadde benediktinane 2 (båe
nonnekloster) og fransiskanane 2; 1 kloster
kvar hadde cisterciensarane,
præmonstratensarane, johannittane og dominikanarane.
I bispedømet var det 6—7 hospital og 3
kongelege kapell.
Den mest kjende Oslo-bispen i
mellomalderen er Nicolaus Arnesson (1190—
1225). Etter at to erkebispar hadde gjeve
opp å strida mot kong Sverre, vart det
Nicolaus og hans parti, »baglane», som stridde
for dei kyrkjelege rettane, og då Sverre
døydde (1202), vart det eit slag forlik
mellom kyrkja og kongedømet. Biskop Håkon
(1248—67) vart sidan erkebiskop. Ein
varmhjarta og dugande forkynnar og ein
màlmedviten kyrkjemann var Eystein
Aslaksson (1386—1407). Han fekk i stand
ei samla jordbok over det kyrkjelege
jordgodset i bispedømet, alt det som biskopen
hadde tilsynet med, og skreiv eit merkeleg
bispebrev (»hyrdebrev») til folket i Øvre
Telemark.
Etter reformasjonen vart Oslo
bispestol ståande tom i 4 år, og sidan fekk den
siste katolske biskopen i Oslo, Hans Ræv
(1524—37) halda fram (sv. fortsätta) som
luthersk biskop (1541—45). Frants Berg
(1548—80) og Jens Nilssøn (1580—1600)
fekk gjennomført den lutherske
kyrkjeskipnaden i det ytre, og latinskulen i Oslo
blømde (sv. blomstrade) under den dugande
lektoren Hallvard Gunnarsson. Mange bispar
i stiftet var svært lærde menn; ikkje mindre
enn 8 har hatt den teologiske doktorgraden.
Mange var utruleg uthaldande i å visitera;
Hans Rosing (1664—99) for over heile stif-
1421
OSLO BISPEDØME
tet på vel 2 år, og Peder Hersleb’,
(1730—37) greidde det på under 1*/, år.
Rosing var rådgjevar for stathaldar U. F.
Gyldenløve; i 1697 kunne han vigsla den
nye Vor Frelsers kyrkje i Oslo, som
avløyste den gamle domkyrkja, og i hans
tid vart Oslo-bispen primus inter pares
(sidan 1536 hadde alle bispane vore jamstelte).
Biskop Hersleb fekk konfirmasjonen
innførd i stiftet sitt alt i 1733, 2—3 år før
lovbodet kom, og gjorde mykje for å få i stand
kyrkjeprotokollar og kallsbøker. Han la
stor vekt på katekisasjonen, og skulle vera
ein uvanleg flink talar. Av bispane i nyare
tid kan kanskje A. Chr. Bang (1896—1913)
og Eivind Berggrav (1937—51) nemnast som
dei mest kjende, båe to dr. theol., og
allsidige og praktiske kyrkjemenn.
I det 17. og 18. hundreåret var bispar og
prestar på vakt mot ymse (sv. olika)
separatistiske rørsler i hovudstaden og andre
stader i stiftet, og både ortodokse og
rasjonalistiske bispar var imot herrnhutar og
haugianarar. Hans Nielsen Hauge’
(1771—1824) var frå Tune (no Rolvsøy i
O.), og budde siste leveåra på gardane
Bakkehaugen og Bredtveit ved Christiania.
Rørsla hans slo fast rot på ymse stader i stiftet,
og i sume Østfold-bygder finn ein no
kanskje dei næraste åndelege arvtakarane. Ved
Universitetet i Christiania (frå 1811) kom
det dugande og rett-truande prestelærarar,
og ikring 1850 vart professor Gisle
Johnson* midpunktet for ei stor prestevekking,
som fekk mykje å seia over heile landet.
Lammers-rørsla i Skien i 1850-åra førde til
at det vart skipa frie apostoliske
kyrkjelydar (sv. församlingar) der og andre stader.
Ikring siste hundreårsskiftet var det store
kristelege vekkingar i Østfold-bygdene og i
hovudstaden ved menn som Ole Hallesby,
Ludvig Hope, Albert Lunde og Sigbjørn
Modalsli. I 1907 vart Det teologiske
Menighetsfakultet (sjå Teologiska
fakulteter) grunnlagt i Oslo, och vel
halvparten av prestane i landet no har fått si
utdaning der. Mange store og små kristelege
organisasjonar og institusjonar har fått sitt
hovudsæte i Oslo, t.d. Det norske lutherske
indremisjonsselskap* (opphavleg Lutherstif-
1422
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:28 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/2/0727.html