Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Statsteorier
- Stavanger bispedøme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kande (Skrifter utg. av Fahlbeckska stiftelsen 10,
Malmö 1928); F. Lagerroth, Platons stats- och
rättsbegrepp. En studie i allmän statslära (Lund
1928); J.-M. Jansson, Hans Kelsens statsteori
mot bakgrunden av hans rättsfilosofiska
åskådning (Helsingfors 1950). Se även litt. vid art.
Konge, Menneskerettigheder, Naturrätt. C.-E. N.
STAVANGER BISPEDØME. Ikring 1125
vart Bjørgvin* eller Gulatingslagens
bispedøme delt i to, og Stavanger vart det nye
bispesætet. Dei landslutene som vart lagde
til S., Rogaland, Agder, Hallingdal og
Valdres, var geografisk to delar som ikkje hekk
i hop. Ein gong i 12. eller 13. hundreåret
vart Eidfjord sokn i Hardanger lagd til $S.,
so Stavanger-bispen skulle sleppa fara
gjennom Bjørgvin bispedøme til Hallingdal og
Valdres, og Bjørgvin fekk til vederlag Sveio
sokn i Sunnhordland.
Fyrste bispen i S., Reinald (d. 1135), var
truleg ein benediktinmunk frå Winchester
i England. Domkyrkja, som han tok til å
byggja på, vart kalla Svithun-kyrkja etter
St. Svithun, som hadde vore bisp i
Winchester 8387—62. Av kong Magnus Erlingsson
fekk domkyrkja og bispestolen heile
Stavanger, og både Håkon Håkonsson og
Christian I stadfeste denne gåva. Kyrkja brann
i 1272, men vart oppattbygd venare enn før,
og kyrkjeskipet har enno i det store og heile
si opphavlege form.
I S. var det 4 kongelege kapell; St.
Olavskyrkja på Avaldsnes (kollegiatkyrkje) var
det viktigaste av dei. To kloster veit ein med
visse om: augustinklosteret på Utstein
avløyste St. Olavsklosteret i Stavanger, som
truleg var benediktinkloster. Ikkje før i det
13. hundreåret høyrer vi om domkapitlet,
som var på opptil 12 prestar (kannikar) i
byen og soknene nærast ved. Kapitlet åtte
12 præbender, og i 15. hundreåret er det
nemnt 12 altar i domkyrkja.
Biskop Jon Byrgesson (1135—52) vart
sidan fyrste erkebispen i Noreg. Eirik
Ivarsson (1171—88) vart òg erkebisp, og er kjend
for striden sin mot kong Sverre. Arne
(1277—1303) tok seg av domkyrkja etter
brannen i 1272, og bygde det storfelte
gotiske koret. Han låg lenge i strid med
domkapitlet om ymse (sv. olika) innkomer.
22 673
STAVANGER BISPEDØME
Stavanger domkyrkje. Grunnlagd på 1100-talet.
Audun Eivindsson (1422—45) var ein av dei
fremste katolske bispane, og den siste av
dei, Hoskold Hoskoldsson, var ein modig,
men fredsæl mann; han døydde på
Bergenhus som fange. `
Etter reformasjonsåret 1536 stod det ringt
til i S. Den lutherske læra var heilt ukjend, og
det gjekk 3", år før den fyrste evangeliske
superintendenten, Jon Guttormsson, vart
utnemnd. Han vann (sv. förmådde) ikkje stort,
og fekk avskil i 1557. Kongen tenkte då å dela
S. mellom Bjørgvin og Oslo—Hamar, men det
vart ikkje noko av. Den nye bispen var
gamal og vann endå mindre. Fyrst nr. 3 i
rekkja, Jørgen Erikssøn (1571—1604), fekk
reformasjonen gjennomførd i bispedømet.
Den myndige mannen tok seg av det som
trongst (sv. det som krävdes) både utetter
og innetter; han var ein framifrå predikant,
og er kalla »Noregs Luther». Biskop Skabo
(1605—26) fekk i stand ei ny jordebok over
kyrkjegodset, og laga eit godt kart over
bispedømet. Wegener (1627—54) fekk i 1631
regulert grensene: Hallingdal og Valdres prosti
674
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:43:01 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/3/0347.html