Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Stavanger bispedøme
- Stedfortrædende lidelse
- Stift
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
STIPT
vart lagde til Oslo—Hamar, og S. fekk att
Øvre Telemark. Alt i 1608 hadde Bjørgvin
fått att (sv. fått tillbaka) Eidfjord.
I 1682 vart det vedteke at bispestolen skulle
flyttast til Christianssand, og bispedømet
skifte namn (sjå Agder bispedøme). Det var
eit hardt slag for Stavanger, som
samstundes miste katedralskulen og kjøpstadretten.
Gong på gong vart byen herja av brann,
men domkyrkja gjekk fri. Alt i 1690 fekk
byen att kjøpstadrettane, men den lærde
skulen fyrst i 1826. På 1800-talet auka
folkemengda sterkt. Med grunnlag i Hauge-rørsla
og Brødrelyden (sv. Brödraförsamlingen)
voks det frå 1820-åra fram ei aukande
kristeleg verksemd i Stavanger; her vart
opptaket gjort til misjon, Israels-misjon, bibel-
og traktatspreiing, sundagsskule, kristeleg
ungdomsarbeid og fråhaldssak (sv.
nykterhetsarbete). Kjende namn er m. a. John
Haugvalstad, Peter Hærem og Asbjørn
Kloster. I Stavanger ligg enno Misjonsskulen og
hovudsætet for Det norske misjonsselskap.
Til 800-årsjubileet vart S. skipa på nytt,
med di Agder vart delt i to frå 1. januar
1925. S. fell no saman med Rogaland fylke.
Dei kristelege landssamskipnadene innan
statskyrkja driv eit stort friviljug arbeid
for indre og ytre misjon. Samarbeidet med
kyrkja er godt, og prestane er i stor mon
med i møteverksemdi. Offerviljen er stor; i
1953 kom det inn kr. 758.000 til Det norske
misjonsselskap, og etter folketalet er det
berre Agder som når høgre når det gjeld
offer og kollekt i kyrkjene. Nokre av dei
vedkjennande kristne samlar seg til fri
nattverd. Stort sett ser folk med velvilje på
kyrkje og kristendom. Det kristne livssynet
set sin stempel på miljøet; det finst enno
mykje av det ein kallar kristen folkeskikk.
Mange av dei som er mest aktive i kristeleg
arbeid, er framståande menn i det offentlege
livet.
S. er minste bispedømet i flatevidd, 9.181,35
km”, og etter folketalet, 211.408 i 1950, det
næst-minste. Det har 6 prosti, 33 prestegjeld
og 66 sokner. I 1950 stod 3,6 % av folket,
7.614 menneske, utanfor statskyrkja.
Biskopar: Reinald —1135; Jon Byrgesson
1135—52 (sidan erkebisp); Peter 1152—; Amund
675
—1171; Eirik Ivarsson Skrauthanske 1171—89
(sidan erkebisp); Njål 1189—1207; Henrik 1207
—24; Åskjell Jonsson 1226—54; Thorgils 1255—
76; Arne 1277—1303; Kjetil 1304—17; Håkon
Halldorsson 1318—22; Eirik Ogmundsson 1322—
42; Gudthorm Pålsson 1343—50; Sigfrid 1351—
52 (sidan i Oslo); Gyrd Aslesson (før i Oslo)
1354—55; Botolv Asbjørnsson 1355—80;
Hallgeir Osmundsson 1381; Olav 1381—98; Håkon
Ivarsson 1400—26; Audun Eivindsson 1427—
45; Gunnar Eriksson 1446—53; Sigurd
Bjørnsson 1454—63; Alv Thorgardsson 1464—78; Eiliv
Jonsson 1481—1512; Hoskold Hoskoldsson 1513
—837. — Jon Guttormsson 1541—57; Jens
Gregerssøn Riber 1558—71; Jørgen Erikssøn 1571—
1604; Lauritz Claussøn Skabo (Scavenius) 1605
—26; Thomas Cortssøn Wegner 1627—54;
Marcus Christenssøn Humble 1655—61; Christian
Madssøn Tausan 1661—80; Jacob Jenssøn Jersin
1681— (1682—1924, sjå Agder bispedøme);
Jacob Christian Petersen 1925—40; Gabriel
Skagestad 1940—49; Karl Marthinussen 1949—.
Litt.: H. Arentz, Beskrivelse over Stavanger amt
i Norge 1 (Khvn 1779); B. Strøm,
Topografiskstatistisk beskrivelse over Stavanger amt (Norges
iand og folk 11, Kristiania 1888); O. Kolsrud,
Stavanger bispestol (i Norvegia Sacra 1922); J.
Petersen o. fl. i Stavanger 1125—1425—1925, utg.
av Stavanger kommune (Stavanger 1925). /.Kv.
STEDFORTRÆDENDE LIDELSE, se
Försoning.
STIFT. I de nordiska länderna betecknar
ordet s. (av fornsv. sticht, inrättning,
stiftelse) en biskops förvaltningsområde. I
fornkyrkan kallades detta område både i öst
och väst länge »paroikia» (omgivning eller
grannskap, av grek. aporia, lat. paroechia),
medan ordet »dieces» (administration, av
grek. Dwing, lat. dioecesis, som under
Diocletianus (284—305) blev benämningen
på ett förvaltningsområde, som omfattade
ett antal av det romerska rikets provinser)
i orienten och senare (700-talet) även i
västern betecknade en större kyrklig enhet,
svarande mot den statliga provinsen (lat.
provincia). På kyrkomötet i Konstantinopel 381
reserverades också namnet dieces för
patriarkens område. I den afrikanska kyrkan
användes dock redan i slutet av 8300-talet
dieces som benämning på ett s., men först
under 1200-talet slog denna term helt
igenom i Västerlandet.
676
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:43:01 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/3/0348.html