- Project Runeberg -  Nordisk teologisk uppslagsbok för kyrka och skola / 3. P - Ö. Register /
1145-1146

(1952-1957)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det vestlandske indremisjonsforbund

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DET VESTLANDSKE INDREMISJONSFORBUND og var frukt av ei lengere tids framvokster. Frå 1860-åra grodde det i Vest-Norge opp indremisjons-lag og samanslutningar av slike lag. Interesserte i Bergen gav stønad til mindre lag i bygdene. Bergen og omegns indremisjon vart skipa 1863, og Sunnhordland, Hardanger og Voss fellesforening 1864. Talet på felles-laga auka raskt. Sume av dei melde seg inn i Det norske lutherske indremisjonsselskap* (Ryfylke og Jæren, Karmsund, Sunnfjord, Nordmøre), men dei fleste hadde ingen overorganisasjon før forbundet for Vestlandet kom i stand. Til det konstituerande møtet kom utsendingar frå 48 lag og samanslutningar, frå Eigersund i sør til Molde i nord. Etter formålsparagrafen i lovene skulle den nye organisasjonen arbeida for Guds rike på basis av bibelordet og den lutherske vedkjenning. Lokallag og fellesforeiningar skulle vera sjølvstendige i indre saker. Hovudkvarteret skulle vera i Bergen, der det alt var skapt eit sentrum for indremisjonsarbeidet. Med organiseringa av V. brast den mangeårige planen om ein samla indremisjon for heile landet. Frå Oslo fekk det nye forbund oppmoding om å gå saman med Det norske lutherske indremisjonsselskap, men svaret vart negativt. Det vart m. a. argumentert med reint praktiske vanskar: Skulle indremisjonen på Vestlandet ha sin administrasjon i Oslo, ville arbeidet verta hindra av dei dårlege kommunikasjonar. På den tid fanst enno ingen jarnveg over fjellet. Ein meir prinsipiell grunn var den at mange på Vestlandet meinte at indremisjonen austpå ikkje stod fritt, men vart dominert av presteskapet. V. har fremja sitt formål gjennom utsending av forkynnarar, gjennom framhjelp av 10-kale nådegåver, gjennom litterær verksemd, gjennom undervisning og filantropi. I det første desennium av dette hundreåret gjekk det store religiøse vekkingar over bygder og byar på Vestlandet, og indremisjons-arbeidet var i sterk vokster. Liknande periodar kom også seinare. Frå 1902 vart det spørsmål aktuelt, om forbundet kunne ha i si teneste forkynnarar som hadde tatt imot vaksendåp endå dei 1145 var døypte som born. I 1905 vart det fastlagt som gjeldande regel, at ingen andre skulle kallast til arbeidarar enn slike som stod klårt på evangelisk luthersk lære-grunn også i dåpssynet; men som eit unnantak kunne ein nytta ein om-døypt mann når han hadde sjeldne gåver og ikkje motarbeidde det lutherske dåpssynet. Seinare vart det ikkje så aktuelt med vakthald mot baptistisk som mot reformert dåpssyn, avdi det ofte kom forkynnarar frå Amerika som forbundet gjerne ville nytta, men som hadde fått påverknad frå eit reformert miljø. Frå 1907 tok ein del av medlemene i forbundet til å praktisera fri nattverd, d. v. s. nattverd administrert av lekfolk etter eit einfelt ritual, utan medverknad av prest. Det vart presiserat at det ikkje var tale om nokon reaksjon mot luthersk lære om innhaldet i nattverden, men at den form nattverden hadde etter kyrkjeritualet ikkje burde vera den einaste, då visse sider ved nattverden betre kunne koma til sin rett under ei fri ordning. Årsmøtet i 1907 stilte medlemene fritt i spørsmålet om å nytta den frie nattverd, eller nattverden i kyrkja, eller begge. Eit vidfemnande skolearbeid har V. drive sidan 1908. Kristelege ungdomsskolar (folkehøgskolar) er reiste og haldne i gang, stundom i samarbeid med andre organisasjonar. Bibelkurs og predikantkurs kom i bruk. Ein stor bibelskolebygnad vart opna i Bergen 1917. Frå 1947 driv forbundet jordbruksskole i Lyngdal, Mykje friviljugt arbeid vert nedlagt i sundagsskolar og kristelege ungdomslag, stemner og ungdomslæger. I 1910 og dei fylgjande år tok forbundet opp verksemd i Finnmark, frå 1917 med fast stasjonerte arbeidarar. Forkynning, sjelesorg, skoleverksemd og sosialt arbeid for born og gamle går hand i hand der nord ved ishavet. Krigskatastrofen med evakuering og nedbrenning av dei faste eigedomane hausten 1944 skapte stogg i arbeidet, men etter krigen kom nytt initiativ med nybygging og atterreising. Styreformenn frå 1898 til 1955 har desse menn vore: Sokneprest O. K. Grimnes, emissær Ola Nesse, borgermester Johs. Solem, 1146

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 3 01:43:01 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ntu/3/0587.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free