- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettionde årgången. 1921 /
427

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Arne Garborg 1851—1921. Av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garbo r g

sjeli fraa dag til dag i ei stendig
au-kande lengt etter »Fred». Enok Hove
freistar aa gjera Guds vilje slik som han
ser han og har lært han, men maktar
ikkje det som staar som det avgjerande
kravet nett til han: aa selja alt han eig
og gjeva det til dei fatige. Han vert
meir og meir hugsprengd og forfylgd
av sine tunge tankar, til han endeleg
finn fred i Heielandsvatnet. Me lever
og lid med denne mannen, liksom
diktaren har gjort det. Aldri er den tunge
norske religiositet skildra intimare eller
meir intenst. Det er vel det mest ekte
psykologiske biletet me har av ei side
i norsk folkelynde.

Det klaarnar etterkvart meir og meir
for Garborg, og han vinn seg etterkvart
ein sterkare arbeidsvilje og kjem burt
fraa pessimismen og vonlöysa. Han
tek atter til med meir aktivt arbeid, er
med og skipar eit nytt maalblad, »Den

17de Mai» og kastar seg med friskt
mod inn i dagsens strid, serleg
unionspolitikken og maalreisingi. Det tok til
aa glida meir frametter att, etter
bakslaget med Johan Sverdrup. Garborg
skriv no i nokre aar sine aller beste,
mest kveikjande stykke, som för yver
landet og skapte nasjonal reisingsvilje
og paagangsmod.

Samstundes vert det ei heil fornying
i diktingi hans, med di han i 1895
reint uventa kom med den herlege
dikt-samlingi »Haugtussa».

Garborg har i innleidingskapitlet til
»Fred» gjeve ei storfelt skildring av
Jæren, av det myrke, tunge, graabrune i
naturi, der himmelen heng laagt yver
husi, full av skyer og storm, og med
regn og skodd, so gardane ligg som
tusseheimar. Det legg tyngsel yver
folket. I Haugtussa er det eit anna Jæren
me möter.

Kveikjande—tändande. Storfelt—storslagen. Tusseheimar—hem för troll, tomtegubbar.

427

Kolbotnen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:58:00 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1921/0471.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free