- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettioförsta årgången. 1922 /
167

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje häftet - Stevdansen som folkeleg domstol. Av Hulda Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Stevdansen som folkeleg domstol

Songdans paa Grönland. Efter Egede.

Det er berre fraa fjellbygdine me no
kjenner stevsong, men skikken hev vore
kjend i flatbygdene og. Her i Asker
t. d. bruka dei mykje leik med tralling
og song til, og ein eldre Askerman
se-gjer, at far hans ofte tala um at dei song
slengjevers til kvarandre i hans
ungdomstid.

»Dom kasta inn et ord saan dann og
vann i dansen og ved borde, naar dom
hadde noe paa hjarte», sa han.

Eit vers minntes han vart sunge for
70—80 aar sidan:

Hu Änne Sylling med stubba stakk,
og fine blonder um knea, —
han Östen Feier han letta’n opp;
han var den eneste som fikk se’a.

»Saa sang guttane ei strofe, og saa
sang gjentene ei strofe», sa den gamle
Askerboringen, so det synest ha vore
paa same maaten her som i fjellbygdene.
Desse selskapsleikane med song i Asker
kann allvist vera minninger fraa ein
ga-mall stevdans.

Me ser soleis at dansen ikkje berre
var tom tidtröyte. Han löyste ut det

Stubba stakk — kort kjol. Tidtröyte — tidsfördriv.

167

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:58:35 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1922/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free