- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettiofjärde årgången. 1925 /
659

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kristofer Upp dal

VII.

Slik ender daa dette störste romanverk
i norsk bokheim. I det ytre monumentalt
aa sjaa til som eit bratt og rovlut fjell
paa nakne vidda, med folkets liv og strid
meisla inn i kvar gaare og rukke.

Det er vorte til gjenom ei tid paa 14
aar, og i eit sinn som i denne tid har
gaatt gjenom mång ei krise og herdsle.
Kvar bok er aa likne med ein aarring i
dess vokster og utvikling. Ein möter store
og smaa ringar, som er resultat av frodige
og rike, sovel som av fatige og magre aar.
Men alltid rörsle og intens leiting. Bak
kvar ring, fraa den fyrste til den siste,
möter ein den evna til stadig indre
fornying som er den löynde kraftkjelde i ali
personleg, skapande konst.

Bokheim — litteratur. Rovlut — ojämn, Gaare — åder i sten. Rukke — rynka. Herdsle — härdning;
Ibuande — inneboende.

Just i denne evne mötest Uppdal med
Kinck. Alltid nye synspunkt, og alltid nye
og sermerkte skapnader, som spring fram
or avlen og formar seg sjölve med ei
ibuande plastisk voksterkraft, til dei staar der
slaggute og grovskorne i overmenneskeleg
storleik. Det er ein umidelbar,
impress-jonistisk konst, som har sine livsröter i
spaninga millom den krassaste naturalisme
og den mest högflöygde romantikk. Ein
konst som krev mykje baade av
konstnären og lesaren, og som difor har lita
von Hm nokosinne aa vinne det store
publikum. Men som det er ein herlegdom
aa vende attende til for alle dei som har
set seg tröytte og fornögde paa alt det
litterære nips som aarleg aars fyller
bokmarknaden.

659

Kristofer Upp dals heim i Asker ved Oslo.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:59:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1925/0717.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free