Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nionde häftet - Sigbjørn Obstfelder. Nokre minne frå personleg venskap og samver. Av Sven Moren
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Sigbjørn Obstfelder
spak og roleg tid. Millom den radikale
ungdomen kjendest det mest som eit atterslag.
Ikkje soleis at landsungdomen var trøytt.
»Trætte menn» fann ein vei helst berre i
bøkene. Ein fann dei iminsto aldri på bygdene.
Men det vart eit svalt pusterom so ein fekk
stunder til å gjera seg kjend med nye tankar
og straumdrag i samtida. Den sterke
tendens-og problemdiktinga kjendest tung og abstrakt
for den lyriske attanåringen. Johannes
Jørgensen i Danmark, Ola Hansson og Gustaf
Fröding — kvar på sin måte — i Sverige,
og Vilhelm Krag og Sigbjørn Obstfelder i
Noreg vart i minsto mine nye diktarar. Eg
var sjølvsagt umåteleg grøn. Men eg fekk
likevel — diverre — rom for mine produkt i
dei to norske tidsskrift »Kringsjå» og »Vår
tid». Eg kom i ordskifte med kloke og
vel-røynde folk som verkeleg tok meg ålvorleg.
Berre Arne Garborg skreiv flirande i
»Samtiden» at rettno tok jamvel bondegjentene
pa stølane oppi Østerdalen seg till å
visne
ganske
langsomt
bort.
Det var den reint lyriske styrken i det nye
(i dekadensen) som tok meg so sterkt. Det
var serleg verset. Det var nytt og personleg
i motsetning til den politiske og nationale
opsongen i 8o-åra. Det opna nye syner innetter
i sjelelivet. Klårt såg vi ikkje. Alt der inne
var skuggar — i ei dim og løyndomsfull
måneskinsnatt — etter ein heit og annsam
sommardag.
So kom eg ved eit reint slumpehøve til
å møte den mannen som alt var utropt til
fremste talsmannen for dekadensen i Noreg,
Sigbjørn Obstfelder.
Det var i Elverum. Ein ven, Johannes
Ar-neson frå Ryfylke, kom inn og sa han hadde
møtt Obstfelder —■ dei var kjende frå
Stavanger. No kunde vi slå lag og finne han.
Eg fylgde gjerne — og var nyfiken og glad
so eg snaudt vann styre meg. Eg kleiv gjerne
op i eit tre, eg var Zakæus.
Han stod i vegkanten og venta oss — ein
liten mjå kar med eit verbite andlet og store,
tunglyndte augo attom lorgnetten. Han var
brydd og fåmælt. Han kom i frå skogen,
hadde rusla åleine ned i Finnskogane i Åsnes
og Grue — svolte og lege ute om nætene
og havt det heller vondt. Han bad so mykie
31 — Ord och Bild, 45 :e årg.
om orsaking fordi han var so uflidd. Vi talde
han til å vera i Elverum ei tid, men han måtte
inn til Oslo. Fekk heller koma att seinare —
utpå sumaren — til eit lærarkurs. —
Obstfelder kom. Og eg fekk høve til å vera i lag
med han kvar dag so lenge han var der.
Eg minnest ein kveld det skulde vera
ordskifte om »Den moderne litteratur». Ein
lærår, ein ny lærår frå ein byskule, skulde
halda innleidingsforedrag, ein vakker kar
med gullbriller, trulova var han og ovanpå i
alle måtar. Han hadde ordet i si makt — og
dømde ali pessimisme og dekadense i kunst
og kultur nord og ned. Eg skalv av gru, for
eg kjende det som ein skyldnad mot meg
sjølv å verje dekadensen. Eg bad om ordet
og kjamsla noko om at ungdom måtte ha
lov til å tvila, måtte ha lov til å leite etter
sine eigne ideal. Den pene karen såg på meg
over gullbrillene og smilte. — Ingen betre?
tenkte han visst. Eg klengde meg i mi naud
till Obstfelder. Og da mest det galdt för han op.
Han skalv og bivra og drog veret tungt som i
gråt. Og det vart so visst ikkje noko vanleg
innlegg. Han tala i inspirasjon, for verda rundt
i ein augneblink og slo fast at ali stor dikting,
ja ali stor kunst i det heile, har havt og må ha
sitt ophav i uro og sorg. —• Noko vidare
ordskifte vart det ikkje etterpå. Optimisten sa
totri spake ord og fortalde at han las Krag
og Obstfelder høgt for kjærasten.
Ein dag låg Obstfelder og eg utmed Glåma
og lauga oss. Etter lauget kraup vi op i ei
stor bjørk og sat der og sola oss. Eg kom til
å nemne naturalismen og Emile Zola. Da
vart Obstfelder tagal lenge. Og låg på den
mjuke grina og stirde ned i Glåma. So sa han:
— Zola hører til et andet folk og en anden
rase. Han er ikke vår månd. Jens Tvedt er
vår mann. Har du læst ham? Har du ikke
følt jordangen, de rige safter som stiger i
alt som er ungt og friskt. Herlig er han.
Herlig.
Eg var på ein måte glad fordi han kytte
av ein bondediktar. Men eg var vonbroten
og. Avdi eg ikkje fann noko av dekadensen
i alt dette.
Men det var somme tider han seig bort i
noko vill-framandt. Han tagde lenge og såg
ut som han hadde det vondt —. Og eg tenkte:
der er dekadenten. Han svara meg eingong
sjølvbeden på dette: — Du må orsaka meg. Det
er ikkje diktarsyner som hildrar meg når eg
sit soleis, diverre. Det er minne som eg aldri
i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>