Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Femte häftet - Arne Garborg og Sverige. Av Rolv Thesen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Rolv T h e s en
Bok om Strindberg (1894), strekar han under
si giede over Strindbergs vanvyrdnad for den
nye »Weltschmerzperiode». Han hadde funni
ting hos Strindberg som verka som
»Trompetfanfarer, som Solopgangsjubel» i ei tid »da der
synges op om Livets Elendighed og om
Nødvendigheden af at vende tilbage til Mysteriet».
Og i artikkelen hans frå 1897 om »Inferno»
meiner han at det er ikkje så at Strindberg er
tröytt av verda, — at det som förer Strindberg
på kyrkjeveg snarare er den fåfengd som för
dreiv han til å sökje diktar- eller granskar-ære.
Det var nær skyldskap mellom Strindberg
og Garborg. Axel Lundegård skreiv i 1921 at
förutan Strindberg hadde ingen nordisk
diktar slik som Garborg gjennomlidi alle dei
utviklingssteg som hadde sett merke på
nordisk åndsliv dei siste femti år. Dei er like
i det at dei var begge barometer der ein
kunne lesa av dei europeiske straumdraga.
Men det er likevel rett når det har vori
peika på (av Kristofer Benzow) at det er
ein viktig skilnad mellom Garborgs og
Strindbergs måte å reagere på andsynes
straumdraga i tida. Strindberg er den stendige
opp-röraren som snautt er ferdig med å slåst
for eitt standpunkt för han gjev seg over
til eit nytt. Det slag eksperimentering er
framand for Garborg. »Det vilar», seier
Benzow, »över hela hans bana en helt annan
prägel av målmedvetet sanningssökande, av
organiskt växande, av tillkämpad övertygelse.»
Og det er sant. Garborg kunne aldri ta eit
nytt standpunkt för han var viss på at det
var hans, heilt ut; og han kunne aldri sleppe
eit gamalt för han visste at han var heilt
ferdig med det. Derför vart livsgangen og
livsstriden tyngre for han enn for dei fleste.
Men kor stor likskap det var mellom
Garborg og Strindberg, det merkar ein best
når ein les det Garborg skriv om Strindberg.
Garborg likar den opprörske og stridande
Strindberg. »Salt og kold og bidsk som en
Havstorm fra Nord virker han — og virker
saaledes behageligt.» Og det kan hove på
Garborg sjölv når han om Strindberg skriv
at han var »et Stridens og Splidens Tegn, et
Stormvarsel og sövnige Folks Forbitrelse».
Men endå meir hover dei på Garborg, dei
ord han ein gong skreiv om Strindberg, at
han var det nittande hundreåret i person.
»Alltid stridande hasta han fraa spursmaal til
spursmaal: fann alltid nytt og aldri nok . . .
Han var Faust fraa vaar Tid.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>