- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtionde årgången. 1941 /
228

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Femte häftet - Arne Garborg og Sverige. Av Rolv Thesen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rol v T h e s en

ikkje hadde serleg stor makt i folket. Og han
syrgde over semja i Karlstad. To år etter
unionsopplöysinga skreiv han at 7. juni
skulle vori ein stor dag, men at han fekk sin
4. november i Karlstad.

Det spörsmålet Garborg mest krinsa om
etter 1905, var jordspörsmålet. Og löysing
på det fann han i læra til Henry George. Når
Garborg hamna i georgeismen, i eit
sam-funnssyn som la stor vekt på löysinga av
jordspörsmålet, så hang det saman med
heile hans tilhöve til jorda, heile
skuld-kjensla hans andsynes det bondesamfunnet
han hadde gått ut ifrå.

Garborg kom etter kvart i samband med
månge georgeistar -— ikkje berre norske, men
ög danske og svenske georgeistar. Han skifte
brev med Johan Hansson i Sverige, som
styrde »Budkavlen» — »Tidskrift för social
etik och ekonomisk reform». Og i dette
tidskriftet skreiv Garborg ein artikkel »Vad jag
är skyldig Henry George», som vart
oppatt-prenta i »Retfærd» (1913), det norske organet
for georgeismen.

I denne artikkelen tilstod Garborg at når
han hadde bala så mykje med sosiale spörsmål,
så hang det samen med visse röynsler i hans
liv. På si vandring lærde han seg m. a. at
om mennesket ikkje lever av bröd åleine,

så lever det endå mindre utan bröd. Han
såg etter kvart at ökonomisk sjölvstende
var »ett grundvillkor för ett moraliskt tryggat
liv» og »en betingelse för en människovärdig
tillvaro». Av Henry George, seier Garborg,
lærde han, att ein kunne gjennomföre sosial
rettferd utan å krenkje den individuelle
fridomen, og utan å gjera »revolusjon». —•

*



Så ser vi til slutt at ved å gjera klårt
til-hövet mellom Arne Garborg og Sverige, og
ikkje minst ved å skildre tilhövet hans til
svenske vener og åndsfrendar, har vi
sam-stundes fått eit bilete av mannen sjölv og
framvoksteren hans. Vi har vori nöydde til
å gå inn på alle dei viktigaste spörsmål han
krinsa om. Jamvel i brevskifte, og ikkje
minst der, tok han med seg dei problema han
arbeidde med. Som han sa ein gong: »Eg
kunde kje leggje meg fraa meg.»

Og vi ser at, trass i alle motsetningar mellom
Noreg og Sverige, mellom norsk og svensk,
kunne han mötast med svenskar i ærleg og
fruktberande samarbeid, og i ei
menneskeleg samkjensle som gror trass i all slag
nasjo-nal strid og trass i alle slag grenser
land-i-mellom.

228

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Mar 20 10:46:23 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1941/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free