- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiotredje årgången. 1944 /
31

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Första häftet - Midt i ei jerntid. Tre norske romanar. Av Rolv Thesen. I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Midt i ei j e r n t i d

blir reiskap for (lei kreftene som vil halda
folket og landet nede; dei ser meir på det
som gagnar dei sjølve enn på det som gagnar
bygda og landet. Som den hatige og
hemn-fuse Brit Skarsem — Lensmannsbrit. Eit
tragisk menneske og ein gripande lagnad. Eit
døme på det spill av krefter som vi ög hadde
råd til i vår nedgangstid, og som fortel noko
om grunnen til vår vanmakt.

Men mest ruver representantane for
Los-ætta, ætta som synte bygda vegen.

Der er gamle Söber på Lo, meir enn nokon
annan beraren av tradisjonen i ætta, sterk og
stolt og myndig, klok og ikkje lite synsk, full
av röynsle og visdom og med ein god del av
kunstevna i ætta. Vi ser henne der ho styrer
både Lo og bygda midt i svartåret, korleis
ho set alt inn på å berga bygda gjennom
nauda — »det trongst slike som ho Söber
når det röyndest på», sa folk. Ho var av det
gode gamle slaget i Los-ætta. Ho hadde både
styrken og trua. Og ho hadde det store
tol-modet. Det siste ho sa för ho döydde —
hundre år gamal •— var desse ord til
små-guten på Lo, Stingrim, han som er
hovud-personen i »Under himmelteiknet»: »Og så
la-gast det nok eingong, Stingrim, kor fåfengt
det så ser ut, både det eine og det andre.
Men Vårherre vil nok tilgjeva både deg og
dem som etter kjem, om einkvan av dykk
reint skulle tapa trua. For han ser langt,
Han — ja. Han ser långt!»

I åra etter at Söber er död, er det Töre,
far til Stingrim som styrer på Lo. Han er ein
sjölvstendig og myndig mann; han talar om
»Olavs-lova» — Heilag-Olavs lov — som han
meiner emno lever som ein vane i folket til å
skilja rangt og rett nokonlunde åt. Han held
seg til Olavs-lova, og den lova »som lever
inni oss og er eldre enn alle andre lover».
Men ein ting kan han ikkje sjå noko slag
retteleg meining med, slike menneske som ho
Brit Skarsem, som berre gjorde vondt. Han
döyr i den kjensla at det er noko han ikkje
har skjöna endå han har meint alt så vel.
Han hadde ikkje rekna med -—- og heller
ikkje förstått — vondskapen og hatet; det
var det som felte han. Det var sonen,
Stingrim, som skulde halda fram med arbeidet
hans for rett og rettferd og nå fram til den
fulle menneskelege forståing.

Stingrim leita etter grunnen til den
van-lagnaden faren fekk. Han hadde höyrt om
Engelbrekt Engelbrektsson og reisinga hans
i Sverige. Og han måtte spörja seg sjölv

kvifor faren ikkje vart ein Engelbrekt ■—■
han hadde då i grunnen vori ein Engelbrekt
for fygda si.

Det er ikkje minst det spörsmålet Inge
Krokann har krinsa om i heile det store
romanverket sitt, kvifor vår nasjonale
nedgangstid vart så langvarig. Han syner
korleis kreftene i landet klöyvde seg, kor
vanskeleg det var å samla folket i striden mot dei
danske embetsmennene, mot
framandherre-dömet. Ikkje minst i den siste romanen sin
syner han at det verkeleg var så som Per
Sivle ein gong skreiv, at »stött det nordmenn
lyt vera med når Noregs merke skal hoggast
ned». Han fortel om eit bondeopprör i
Trönde-lag på 1500-talet. Det var eit opprör mot
den danske lensherren Ludvig Munk, ein av
dei hardaste og strengaste av dei danske
herrane som nokon gong hadde makt her i
landet. Oppröret vart slått ned. Dei böndene
som var med, vart dömde frå livet. Og det
var nordmenn — norske odelsbönder — som
var med og dömde dei, — som lét seg kjöpe
av makthavarane og sveik Noregs sak!

Denne romanen kom ut same året som
Vilhelm Mobergs roman »Rid i natt!», som
fortel om eit svensk bondeopprör på
1600-talet. Og det löner seg svært godt å lesa
desse romanane i samanheng. Dei kjem inn
på dei same motiv. Men Inge Krokanns er
den beiskaste; i det miljöet, i dei hendingane
han fortel om, og som er heilt historiske,
möter ein uretten sterkast; for her möter ein
det norske folket i si maktlöyse og vonlöyse.
Og likevel er romanen ikkje utan lys i
mörkret. Bak alt merkar ein den varme tru hos
diktaren på både folket og det einskilde
mennesket. Han kjenner veikskapen i folket, men
han kjenner ög styrken i det. Derför har
dette romanverket hans, og ikkje minst den
siste romanen »Under himmelteiknet», vori
til stor hjelp og tröyst for månge nordmenn
i dag.

Rettskjensla og rettferdskjensla er eit av
dei sterkaste drag i Inge Krokanns dikting.
Det vitnar ikkje berre det store
romanverket hans om, men ög den romanen som
heiter Blodiötet (omsett til svensk). Det er
ikkje berre den nasjonale og sosiale retten
han vil forsvara og verna, men ög retten for
det einskilde menneske. Og her kjem også
hans högborne syn på mennesket tydeleg
fram. For Krokann er mennesket ein
dyr-verdig ting, jamvel når det syner seg i si
verste fornedring. Han veit at det vonde er

31

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:09:51 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1944/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free