- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiotredje årgången. 1944 /
32

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Första häftet - Midt i ei jerntid. Tre norske romanar. Av Rolv Thesen. I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

R o l v T h e s en

Inge Krokann.

»krefter som blir bruka på urett rom eller
til urett tid».

Siste kapitlet i hans siste roman heiter
Mennesket. Her samlar han liksom sitt syn på
det fenomen som heiter menneske, i ein
dramatisk sluttscene. Det er der Stingrim kjem
ridande til Allmannberget og riv den vonde
Brit Skarsem bort frå hekse bålet. Han
protesterer på dene maten mot slik valdsferd,
og han ropar mot folkehopen at nye
genera-sjonar skal sleppa å skjemmast kvar gong

dei ser Allmannberget. »Stakkars menneske!»
seier han, der han rid utfor stupet med Brit.
For han hadde förstått at det var uretten
som hadde gjort henne vond. Med denne
replikken sluttar romanen.

Heile Inge Krokanns myndige dikting er
boren av dette högsyn på mennesket, av
kjærleiken til det sanne, det rette, det
fagre, — av ånd. Derför kunne hans
diktar-bror Tarjei Vesaas på 50-årsdagen hans (i
august 1943) med full rett byrja sin tale til han
med desse ord:

Kjære Inge Krokann. När eg tenkjerpå deg no når
du står her fullmogen, så er det med ein forunderleg
age (respekt). Det er for di du har vist deg som ein
verdig bustad for den veldigaste makt på jorda: ånd.
Trass alt det vi ser i dag, den veldigaste. Makter og
övermakter brotnar för eller sidan, men evig varer ånd
og strålar fram gjennom trengsle.

Og så er vi ved utgangspunktet for denne
vesle artikkelen. Vi er midt inne i Tegnérs
»Det eviga», eit dikt som må vera ein rikdom
for eit folk å eiga midt i ei jerntid. I talen
sin siterte då Vesaas og Tegnérs ord i dette
diktet om det evige verdet i diktverket:
»Och dikten är icke som blommornas doft,
som färgade bågen i skyar,»

Med dette diktet mötest dei tre nemnde
norske romanane. Dei er på sin måte födde av
trongen til å finna dei varige verde i ei tid
då sverdet synest råda åleine, av trongen til
å sjå det evige i det omskiftelege og
for-gjengelege og til å forkynna »det sannas
Evangelium, det skönas, det glada budskap
från en bättre värld der allt är gudafrid och
himlaklarhet».

32

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:09:51 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1944/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free