Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
Her um dagen sat han og skrøytte fyr lærar
Lindstrøm — ja daa vart eg skikkeleg arg paa
han! Han gjorde seg til av si magt yver
kvinnor, — det var nok ikkje mange, som kunde
staa seg imot han, lét han.
Og um ikkje Lindstrøm vilde tru, at skuldi
var paa hennar sida, so vilde han berre segja,
at han hadde fvo born utanum ægteskapet, —
ja, Lindstrøm kunde gaa og sjaa etter i
kyrkjebøkerne! So naar han ingi fekk heima, var det
hennar skuld, for ho —
— ja han sa nok kvifyr, men det skynar
visst doktaren utan vidare! —
Men tenk aa sitja og segja det sjølv um si
eigi kona! Eg vart so arg, at —!
Og so gjerer han seg til av denne
umanskapen, at han ikkje torer kvitta seg av med
henne, og tykkjer, det er so sløgt av han, sidan
vermori hev gjenget god fyr han. Og so
skrøyter han.
Han hev visst ingen ting set av midelen
hennar, ikkje so mykjet som so eingong. — Det
var av sine eigne innkomor, han kostad paa kona
si — baade til livemaate og ekstravaganser! —
Og det er berre aa halda kontanterne ferdige, so
snart naadigfrua blinkar! Badereiser kvar sumar;
reiser hit og reiser dit i alle mogelege høve;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0006.html