Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
7
smaa kveldslag heime elder ute; skillings-laan og
gaavor til venerne hennar — —
Aa ja — han kann rett turva sermerkja,
at det ikkje er av hennar men av hans midel,
det gjeng! For han maa ingen ting sløsa burt
paa den maaten. Gjerer han det, so er ho yver
han som eit vondt vedr og læt, at def er til
unyttes, — og def er daa ikkje turvande likevæl!
Og ho vaktar yver han som den argaste
drake. Ho gjøymer vekk brennevinet og negtar
han aa røykja inne i stovorne. Ikkje eingong i
matstova fær han ta seg ein røyk etter middagen.
Og vil han be ein kamerat paa toddy, naar ho
ikkje er i godlune, so lurer han seg til justsom
ein skulegut, som ikkje endaa hev lov til aa
røykja, — steller til nede paa kantoret og
stengjer seg inne der med dei framande. Ingi under,
at folk kallar han „tøffelhelt!“
— Skal han einkvar gongen hjelpa ein god
ven, som treng det, so lyt han lura seg til med
det og; for det kann ho daa slett ikkje tola.
Fær ho teven i, at han vil skriva paa aat
einkvar, so hev han henne strakst:
„Atle — kom i hug, du hev gjevet mama
ditt heiders-ord, at du aldri skal gjera det!“
Heidersord, ja! — sovoret ein gjerer berre
fyr husfreden si skuld. — Det kann ellest vera
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0007.html