- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
10

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10 klappar. Daa lovar ho baade gull og grøne skogar; ho skal vera ei lydig og snild kona; han skal her etter dags ingen ting faa til aa lasta henne fyr — snupt ingen ting. Og endaa ho hev lovat det same mange gonger fyrr, so gjerer han som ho vil korso, og veninna fær underskrifti elder pengelaanet. Men naar han so kjem og skal ha løni si, daa er helvitet laust. Ho vil ikkje vita av han. Han er skamlaus og raa; han er ein skarv, som ufredar ei verjelaus kvinna, og kvat alt ho hittar paa. — — Og vert han rasande og vil ta sin rett med vald, so skrik ho og. verjer seg. med hender og tenner — — ja, det er reine helvitet attimillom. Bokhaldaren, som bur i stova nedunder, hev høyrt dei springa rundt og riva yverende stolar og bord og skrika og slaast meir enn ein gong. Og han hev svoret paa, at næste natt det hender, skal han gaa upp og klaa dei baae tvo. — So doktaren ser, han hev det ikkje for morosamt der heima, og ho er nok ikkje ein slik engel, som ho vil gjelda fyr. Det er urimelegt berre aa tenkja seg til aa vera gift med ei kvinna i snart tvo aar, og endaa ikkje vera gift med henne korso! Ja — ein kann verta galen fyr minder! Og so høyra si eigi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free