- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
18

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18 han; — um ho vilde lita paa hans finkjensla og lata han — — »Operera, ja! — trur ikkje doktaren, eg veit, kvat han vil!“ skar frøken Bergqvist i. „Og “no vil han vel, at eg skal leggja meg ut um aa. yvertelja henne! Eg kann nok skyna, kvar han kjem ifraa. Det er ikkje vandt aa høyra, at han hev voret hjaa denne Bromann, denne pratmakaren! For nett det same hev han sagt til meg fyrr. Men det fekk han skam til takk fyr! — Ja so mykjet . magtar eg, at det er ikkje verdt, han stikk nosi si innum døri til Stormbom sine oftare. Alvhild hev ellest aldri voret sers hugad paa, at han skulde dra seg der til alle tider. Og so no, naar ho fekk vita, at han for kring og talad soleids um henne! — Men det hev han ifraa mannen, for han er lika god. Og doktaren med. Alle mannfolk er nett likeins. Rettige slarvekjerringar ifraa fyrst til sist! Eg kann vitna — ja eg kann sverja, um det trengst, at Alvhild er plent soleids som alle andre kvinnor — ikkje ei saad onnorleids! Det er berre eit paafunn av mannen. Og kvat veit han um henne — han, som ikkje hev voret henne so nær som so eingong! Og det er nett som det skal vera; for han er ein skarv!“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free