- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
20

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20 seg soleids imot henne, og at ho hyttar seg fyr han med nebb og klør, det er daa reint naturlegt! Elder er det unaturlegt kann henda? — Nei rett gjerer ho, det er sikkert! Ein mann, som sit henne etter baade heider og æra, — det vantar berre, at ho skulde elska han attaat. Det er meir enn nok, at ho bur i same huset!“ „Men kvifyr krev ho ikkje skilsmaal daa?“ spurde doktaren. „De kann daa vel skyna — alt det staaket og kranglet! — Og um ho ikkje bryr seg stort um det fyr sin eigen part, so kann ho ikkje gjera gamle mor si den sorgi. Ja, for Alvhild hev eit mjukt og fint hjarta, kvat vondt dei so segjer um henne! Det hev eg sjølv fenget røynt. Ho hev hjelpt meg baade paa den eine og den andre maaten, og utan henne hadde eg ikkje voret der, eg no er! Men mannen gjeng sjølvsagt og skrøyter av, at har hev hjelpt meg. — Javisst, formelt hev han gjenget god fyr meg, berre formelt! Men han hev teket skuldarbrev paa det av si eigi kona — ja, det hev han! Skuldarbrev paa, at han skal faa det av arven hennar, naar gamle fru Petterqvist døyr! Hev doktaren nokon gong høyrt paa maken?! — Og sant er det, for Alvhild hev sjølv sagt meg det,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free