Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
21
og henne kann ein lita paa som paa gud fader.
Kvat ho ellest gjerer, — lyg gjerer ho ikkje!
Det finst nok av dei, som lyg, korso — det
hev baade eg og ho fenget freista. For dersom eg
av skir takksemd syner henne ein grand meir enn
vanleg tydskap og medkjensla i hennar store
vanlukka, so gjeng mannen og denne Bromann
og kviskrar til høgre og kviskrar til vinstre, og
strakst so er venskapen usedug — og eg veit
ikkje alt! Og det trur folk naturlegvis, og so
skal heile Helsingfors stikka nosi i det.
Men det er lygn, det kann eg sverja paa.
Det kunde ein fyrr segja um frøken Jakobsson
daa, for ho er mykjet intimare der i huset enn
eg. Ja — ho ber seg verkeleg soleids aat, at
det skulde slett ikkje undra meg, um folk tok til
prata um henne. Men Alvhild — fyr henne skal
eg borga som fyr meg sjølv.
Og det er verkeleg synd, at ho skal ha det
soleids, — eit so framifraa menneskje, som ho er.
Mannen kann vera glad, so lenge han fær ha
henne, for var ikkje ho, so bar det visst til skogs
med heile handelen hans, soleids som han styrer
seg i alle maatar.
Men ho held tumen fyr augat paa han, ho
— mi sann gjerer ho so! Og eg syner henne
og lærer henne alt det, eg kann i handelsvegen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0021.html