- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
22

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22 Det trengst rett, at vi er vare og vaktar paa, for han berre slarvar og ranglar! Men takki ho fær! — Jau, slær henne gjerer han, og det til gagns og. Og at ho verjer seg og slær igjen, —- ja — ein er vel ingen hund helder, um ein er gift! — Men at ho no tvitlast burt dag fyr dag — det er, so ein kunde graata blod fyr det! Ho ser daa ut, so det skjer ein snupt i sjæli! Det er visst, at kann doktaren faa henne frisk att, so vert ingen fegnare enn eg!“ : „Ja — det er just i aaføre av sjukdomen hennar, at eg kjem til dykk. For dersom de vilde, kunde de hjelpa meg til aa faa greida paa upphavet til denne tvitlesykja. Ho mun ha eikvar duld sorg aa bera paa — eitkvart, som tærer paa humøret. Og fekk eg berre tak i, kvat det er, so var me longe halvveges komne. Alle desse brosorne med mannen gjerer sjølvsagt mykjet til det, men dei er ikkje hovud-orsaki. For at motviljen til han skulde vera so yver alle grensor, — det er visst berre nokot ho læst. Men skulde eg vera sikker fyr mistak i lækjemaaten, laut eg ha greida paa sjukdoms-upphavet. Og um de ikkje trur, de kann yvertelja henne til aa skrifta fyr meg, so kunde de kann henda

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free