- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
31

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

pe: mu lim 31 »Ja, ja, det er visst vakkert sagt“, spottad doktaren. „Men til meg kann du gjerna staa ved, at du er ein kryp, som ikkje vaagar til med skilsmaal! — Med minder du gjeng og innbiller deg, at du er aabrudig paa venerne til kona di, og at kjærleiken din er for stolt til aa avvega fyr deira venskap! Nokon annan grunn hev du nok ikkje fyr det der, som du fær folk til aa fortelja um dei, — ikkje sant?“ »Nemn dei ikkje!“ skreik Stormbom og slo neven i bordet, so det skrall. „Eg skal slaa armar og føter av dei — ja! Breider eg ut nokot ry um dei kannhenda! Korleids kann du koma paa slikt! Det er daa lygn og slarv alt det, som vert sagt i den vegen, — det svær eg paa. Ja, eg vil sjaa den i andlitet, som vaagar seg til aa segja nokot annat!“ Han veivad det lange munnskjegget til vedrs, sende doktaren den eine ille blinken etter den andre og slo i bordet. Bromann fekk det endaa annsamare med sitt tiggarstudent-poutpouri, medan doktaren sat der brydd og smaaflein, mest som han hadde vondt samvit fyr detta snakket, som han hjelpte til aa bera utyver. »Eg skal syna, at eg er mann til aa varna um æra aat kona mi, eg!“ kvæste Stormbom endaa ein gong.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free