Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
32
»Och jag gaf — henne blott — uppå
skuldran en kyss!“ sette Bromann i av full hals;
han vilde visa sin gode vilje til ikkje aa høyra,
kvat som vart sagt. Denne hyklingi vart
Stormbom for strid.
»Slutta med den armodsdomen, Bromann;
-du gjerer ein galen med det!“ skreik han og
klemde knytte neven endaa verre i bordskiva.
Bromann spratt upp reint forfærd.
»Nei, eg meinte — spela helder eitkvart
annat enn det der tullet. Eitkvart, du veit, at
eg synest um! — Spela Mendelsohn sin
brudlaupsmarsj — den er mitt yndarstykkje! Gjer
det, so er du gild!“
Han gjekk burt og klappad Bromann paa
oksli og drakk venskap med han att. Sette seg
so einsleg ved eit annat bord, studde baae
olbogarne imot bordplata og' starad paa eit bleikt
maalarstykkje — ein marine —, som hekk paa
andre veggen.
Bromann spelad og spelad, og Stormbom
tonad til, trødde takten med foten og starad stivt
paa maalarstykkjet, so han fekk taaror i augo.
Og di lenger Bromann spelad, di meir vart
Stormbom i ekse, og paa resten var han so reint
burte, at han byrjad snakka høgt med seg sjølv:
— — ,der — der var det. Der var me fram
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0032.html