Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
34
Eg var reint som eit annat menneskje, —
so glad som eg aldri fyrr hadde voret. Og daa
vigsla var ferdig, og me gjekk ut or kyrkja, so
spelad han same marsjen att med fullt orgelverk.
Og eg kjende meg som ein gud og trudde, at
fagnaden skulde vara i all æva.
So reiste me, — og so var alt um inkje —
med ein gong. Alle voner tynte med eitt slag
— utan ynksemd! Og helvitet yver meg, og paa
det vert det ingen ende!
Den brudlaupsmarsjen — den høyrde eg
den sælaste augneblinken i mitt liv, den einaste
sæle, for sidan hev eg ingi havt. Lukka skulde
ikkje rekka lenger fyr meg enn til
brudlaupsmarsjen; — den var upphavet, og den var
endelykti. Og berre eg høyrer den, so kjem alt yver
meg att justsom den dagen — og hæder meg,
fyrdi eg var so viss! Men eg læt meg ikkje
hæda — — aa nei — eg kann høyra det
musikkstykkjet utan aa ta meg det for nær!
So spela du berre, Bromann, skal du faa
sjaa! — Hev eg kann henda ikkje rett til aa
lata det stykkjet spela aat meg? Kvat!“
Han slo seg fyr brystet og saag seg i kring
som ein triumfator.
„Jau visst — jau visst! — Men ein annan
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0034.html