- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
43

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

43 aat eit fagert sjæleliv, som ellest vilde vera dømt til aa ørmegtast i kvardagskav og hyggeløysa. Difyr var ogso hennar liv i heimen symbolsk lagat. Ho vilde sjaa den, som kunde gjera henne det etter! — Smaamenni skynad berre til aa fjelga upp langsemdi si med eitkvart litet kinesisk rask, so lenge def var paa moten, og sidan med eitkvart annat inkjevetta, som kunde pryda ein grand. Men /o hadde sin sersmak og brydde seg aldri um dagsens skikk. Hennar boudoir (,furtekove“) kunde ingen i heile Helsingfors syna fram maken til. Der hadde ho til gagns slept sin raffinerte fargehaatt laus, og saman med den hadde hennar symbolistiske fantasi fenget fram eit reint under av einfeld fagerleik, som stettad hennar ovdyrkad fin-de-siecle-krav og gav ei høveleg raama til hennar draumar, naar ho vilde vera gjerandslaus utan vondt samvit. — Den einaste husgogn i koven var ein diger divan, klædd med blodraud silke og yversaadd med koddor og dynor av allskens skap og storlik. Yver golvet var breidt ei smyrnamatta so mjuk, at ikkje eit stig kunde høyrast, — ei matta med eit undarlegt mynster. Raudt og blaatt av sterkaste slaget veivlad seg i baaror um einannan og gjekk i eitt fyr augat som eit urolegt farge-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free