Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
45
vendest ifraa gruggutt graavedr til det varmaste
solskin, som mengde alle literne saman til ei
einaste rosutte røra, — sprengdest i divanen si
blodraude vitløysa, men lognad seg i den ljose
azuren, der den svarte svanen sumde, døkk og
ukjømeleg som ei uløyst gaata.
Den svarte svanen — den var det vigtigste
av alt! Den var daa endelig eit symbol — ho
visste ikkje nett kvat paa; men han høvde so
framifraa godt til symbol aat henne sjølv, totte
ho. — —
Naar ho um kveldarne gjekk inn i
heilagdomen sin og skruvad upp den elektriske
lampen, som var løynd attum silketjeldet, so heile .
romet bivrad i blaatt ljos, og den digre skuggen
av den svarte svanen dulde divanen, som ho
laag paa, — daa kjende ho seg, som ho var
sjæli i detta aandlause fantom, som sveiv der i
det undarlege skinet av eit blaatt, dirrande ljos.
Og det hende, at av all den poesi, ho hadde
lært seg, mintest ho daa den guddomelege Edgar
Poe sitt dikt ,Ramnen%. Ei heilag grysjing av
mystik for igjenom henne, og ho deklamerad:
»— og or denne myrke skugge
aldri hevjar seg mi sjæl,
aldri meir, — aldri meir!“
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0045.html