Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
46
med’ det kom taaror i augo, og ho dormad burt
i ei sæl fysna.
Aa ja! — Ho burde vel ha sett ein ramn der
midt i den himmelblaae silken; det hadde voret
meit i høve med diktet! — Ein ramn, stor og
vyrdeleg med utspanad, flaksande vengjer, soleids
som Poe hadde skildrat han. — Men den svarte
svanen høvde henne betre, symboliserad hennar
ulukka best av alt!
Ho var byrg av sitt paafunn med den svarte
svanen.
Svanen var centrum i all den fargerikdom,
som ho nyttad til eit rosutt slør yver kvar-
dagslivet, og som kunde døyva den irriterande
virkning av detta æveleg eins-litad liv. Svanen
var den daude sjæli i detta undarlege bøle, ho
hadde lagati hop aat seg etter minne um sovoret,
ho hadde set elder høyrt elder leset seg til. Og
han var drivkrafti til det hugsviv-kaleidoskop,
ho fyr moro skuld sette saman av likt og ulikt
her og der ifraa. ;
Heile timar kunde ho liggja, so lang ho
var paa divanen i sitt ,allraheilagste,“ magtstoli
av dei sterke fargevirkningarne og den kvævande
parfume-snækjen, og uppatt og uppatt grunda yver
det løyndarfulle djup i minnet, der ho innbillad
seg, at hennar livslukka var gravlagd.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0046.html