- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
47

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

47 Berre ho sjølv visste vegen til denne gravi aat hennar løyndom. Og gong paa gong vende ho attende dit med sine tankar, — let dei krinsa kring det einaste hendet i hennar liv, justsom nattfivreldi flaksar um lJjoslogen, dei skal tyna seg i, og gjorde seg endaa midti undergangen voner utav det, som berre var eit minne. Det hende henne ein gong, med' ho laag der og gruvlad, at ho braadt miste kjensla av, at ho laag. Ho totte, ho sveiv i lause lufti yver eit botnarlaust djuv; glaset attum henne vart eit Ôp uppyver henne, som Jjoset skjein ned igjenom og sendest attende ifraa veggjerne i avgrunnen, og djupt nede — so djupt, at ho snaudt kunde øygna han, — sumde den svarte svanen og stirde upp til henne med gloande augo. Ein skræmsleg otte fyr aa detta der ned tok henne, og strupen snyrpte seg saman, so ho fekk mest ikkje pusta. Svanen vart til ein, som ho ikkje kunde gløyma. Han blinkad upp til henne med gire augo og lokkad henne, so ho fekk ei vitlaus traa til aa sturta seg ned til han, endaa ho var som steingjengi av rædsla. Ei sovori rid kunde vara fleire minuttar, og naar ho gjekk yver, var ho laugande vaat av sveite, og etter ho hadde reist seg, kunde ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free