- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
48

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48 med naudi skilja, kvat som var upp og ned i romet. Men rædsla sat att, so det gjekk fleire dagar, som ho ikkje vaagad seg innatt i koven, men søkte varning hjaa mannen. Varning hjaa den eine — imot den einaste! Mannen mistydde henne naturlegvis og tok det upp paa si vis. Og so var ulivnaden i fullt gjenge! Ho vart rasande, gjorde motstand imot den minste prikking og vilde reint sprikka af arbeids-tel. Hennar viljekraft og hug til aa styra hadde daa ingi grensor, og det skulde inkjevetta til, fyrr dei rauk saman. [slike dragsmaal var det altid ho, som drog av med sigren. Naar ho so um ei tid hadde rasat ut, fekk ho mod til aa venda attende til sitt svaneparadis, der ho paa nytt lag vov seg inn i sine gamle draumar, med' ho heldt varmen i sitt vindegg til roman, som ho aldri var god til aa klekkja ut til nokot verkelegt. Men det døyvde, so lenge det varde, — til rædsla kom og skræmde henne attende til det sure kvardagsliv. — — Dei var just no i ei sovori vaapenkvild, og livde som best dei kunde. Alvhild laag nedgravi i sitt ,allraheilagste,“ og Stormbom aktad seg, . so han ikkje vekte henne upp or .dvalen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free