Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50
men ei og onnor sanning sa det, og den er ikkje
alltid so gild aa faa.
Ho var liti og spinki, men harmonisk bygd og
hadde smaa hender og føter. Haaret var svart
og uvanleg rikt, nosi peikad til vedrs, og
munnen var litt stor, men hadde tunne lippor og
eit fast drag. Augo var store, brune og stirande.
— No var ho stygt uttærd og andlitet safrangult,
so det kunde ikkje vera tvil um, kvat slag
sjukdom ho drogst med.
Baade ho sjølv og venerne hennar var einige
um, at det ulukkelege ægteskapet var skuld i
sjukdomen hennar. Men doktaren dømde
onnorleids.
»Folk tek alltid i mist um orsak og
verkning,“ tenkte han. ,Det er eikvar gamall sorg,
som gneg paa humøret. Og no hev ho gjenget
med dette sjuke humøret, som gulsotti berre er
ei lenger framskredi form av, — like sidan dei
vart gifte. —Ellest hadde ho vel fyr lenge sidan
teket vit til seg og livt med mannen soleids som
rimelegt kunde vera og smaatt um senn sampat seg
etter tilhøvi.
Det sjuke humøret, som hev gjort seg til
gulsott, er altso orsaki til det ulukkelege
ægteskapet og slett ikkje verkningi av det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0050.html