Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
51
Kuren er altso greid. Og eg skal nok finna
paa aatgjerd aat henne.
Men løyndomen lyt ho gjeva meg paa kjøpet;
det styrkjer diagnosen, naar ein veit, at ein hev
gissat rett!“ — sa doktaren med segsjølv, daa han
gjekk upp troppi til Stormbom sitt hus og
ringde paa.
Alvhild tok digt kaldt imot han..
„Eg høyrer av frøken Bergqvist, at de hev et
sersynt meining um sjukdomen min og det, som
skal vera orsaki til han,“ sa ho. „Men eg
tenkjer, me kann lata all gissing vera; det
berre gjerer tingen meir flokutt.
Kvat sjukdom det er, veit me. De hev
sagt mannen min, at det kann verta naudsynt
aa'triva til ein operation, men at det daa kann
staa um livet. Eg bed, at de maa ikkje bry
dykk um det; for eg fyr min part skulde helst
sjaa, at det vart den utgangen paa det.
Det er alltid likare aa faa endelykti snart enn
aa kjenna, korleids krefterne smaatt um senn
minkar burt. — —
Livet hev ikkje lenger nokot verd fyr meg,“
la ho til, stillt og beiskt. „Men lat oss ikkje
røda um det!“
Doktaren vart reint klumsad av aa høyra
henne ta det paa denne maaten. Det var so ulikt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0051.html