- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
52

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

52 hennar vanlege merglause og vinglutte vis aa tala um sjukdomen paa, at han ein augneblink ikkje visste, kvat han skulde segja. Men i sin praksis hadde han ofta røynt, at forbodi kunde vera løynde innbjodingar, og nett difyr tok han no høve til aa tala um det emne, som ikkje skulde nemnast. Dei kom inn i ei roleg og vitug døming um hennar ægteskap. Gong paa gong tok Alvhild upp att, at mannen hennar var baade snild og hyggjeleg, og at ho var den siste, som skulde laste hans ekstravaganser og lauslynde. — Han var vel som dei fleste andre mennerne, so det var det ingen ting aa segja paa! — Men nokor sers godleik fyr han kunde ho ikkje hysa; det var umogelegt! »Og hadde eg berre fyrr kunnat ottast, at det var so umogelegt, so hadde eg ikkje gift meg med han. Men slikt veit ein ikkje, fyrr det er for seint,“ sa ho og smaaflein. „Ein lagar seg so mange illusjoner her i livet!“ „Men difyr kann ein helder ikkje krevja, at dei paa prikken skal slaa til — alle utan undantak. Det er berre ranglæta, slikt!“ sa doktaren. . „Nei, hjaa meg er det ikkje ranglæta. Det er ein motvilje, som eg slett ikkje kann uttyda. Heile mi natur reiser seg imot den minste

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free