Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
53
kjæling ifraa hans sida. Det er plent umogelegt
aa koma éinannan nær.
Eg freistar, so godt eg kann, aa gjera mine
konepligter. Og dei, eg ikkje kann gjera — ja,
det skulde vel vera ei sak imillom han og meg;
men han hev havt hugnad av aa lata slarvet faa
fat i det. — Og me veit, korleids slarvet kann
faa ein ting til aa sjaa ut.
Eg bryr meg ikkje so mykjet um det fyr
min eigen som fyr venerne sin part. Dei er det,
som fær lida mest av alt dette pratet. Eg er dei
mykjet takksam fyr venskapen deira; han hev
voret meg ei trøyst i vanlukka.
Venskap vil folk ikkje skyna; men eg kann
ikkje umbera han. Og kjærleik hev ikkje mannen
kunnat kveikja hjaa meg, men helder det motvende..
Ja ja! Eg trur daa, at han er eit godt
menneskje, endaa han hev ikkje voret det imot
meg. Og det gjerer meg vondt, at eg uviljes
skal vera upphavet til, at han ikkje hev det so
godt, som han kunde og kann henda fortenar.“
Doktaren var ikkje sikker paa, anten ho
hyklad elder i augneblinken verkeleg meinte, kvat
ho sa. Han baade trudde og ikkje trudde paa
hennar gode hjartelag. Og var det hykling, so
jamenn greidde ho leksa si fint! — Men han sa
ingen ting, og Alvhild seig burt i djupe tankar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0053.html