Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
58
tarv ikkje fyr det lata vera aa tru, at ein gjerer
det av umsut fyr det aalmenne væl! Og mugen
er mest takksam, naar han fær sin vismun utan
lange og lærde umsveip.
Syna — ikkje prova, det er tingen!
Og so ikkje gjeva vitenskap — berre
fyrebera, at ein gjerer det! — Leben und leben
lassen!“ —
Stakkars doktar, og arme lækjarkunst! Men
det er ikkje so voret fyr alle, at dei hev fenget
gaava til aa retta ut rOt-traadarne i sitt sanseliv
og paa maafaa finna feste og nøring i den
sambinding af høve, paafunn og kvardagslege
smaating, som attaat mat, svevn og smaa sermerkte
umbrigde paa dei store aalmenne grunnkjenslor
er eit manneliv. — Dei vil nok gjerna nokon
kvar vera ein sovoren mirakel-doktar, og ikkje
eingong motgangen kann yvervitne ein um, at
han ikkje er det. Yrket er so lokkande!
Og det skal helder ikkje negtast, at det kann
vera av vegt aa mana fram att eitt elder annat
stykkje, kvat det so var, av patienten sitt
framfarne liv. For trass i all tvilsam reknekunst kann
kvar minste smaatingen, naar han vert halden i
hop med det, som no er, verta til nytta fyr
diagnosen. — Kann henda det kunde syna fram
fyrste upphavet til den kreft-svull, som sidan held
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0058.html