- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
59

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

59 paa og vil øydeleggja eit menneskje, — elder det kunde gjeva vissa fyre, at heile sjukdomen berre er ein stor humbug, som hev vakset fram or eit ørlitet fræ! Kven veit? — Og so attaat dette kunna gjeva eit medmenneskje den sernjoting aa faa vega og døma frygd og feigd hjaa eit annat medmenneskje, leggja hans lyte og dygder til høgre elder vinstre og gjera upp reknestykkjet: Himmel elder helvite! Ein kann likso litet kalla det humbug, som at ein utav det, ein kallar klaare fakta, gjerer psykofysiologisk-filosofiske kunststykkje, som hev tvilsamt verd, elder slær fast og fører til boks desse fakta i einkvar vitenskapelege nyfiknesamlingen, so snart dei væl er brukte! — Det er ikkje berre løglegt, men ogso uklokt. For kom det kann henda ikkje alltid andre filosofer etterpaa og negtad just desse fakta og so lett som inkjevetta provad nett det motsette — og gjorde ende paa heile nyfikne-samilingen! Nei — vekk med all fastslaaing av fakta! Berre syn fram ein liten smaating og lat han staa der til aa gløsa paa! Og lat so kvar etter sitt tykkje fylla ut holi imillom det, som var, og det, som er. Med litt fantasi fær han daa eit mykjet .klaarare bilæte av det manneliv, han i augneblinken gjev gaum etter, enn um han fekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free