- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
60

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

60 det avskildrat fyr seg med hold og haar, men i perspektiv og med alle smaating i den lit, som dei etter kunstreglarne skulde ha. — Kor dei er til aa ovunda, dei austerlandske trollmennerne! — desse skinnturre, aalvorsame, traassige, brunsteikte austerlendingar, som i ævelange tider hev fostrat seg ein vilje so undarleg mangslungen, at han er vorten ein heil vitenskap fyr dei sjølve, men ein løyndom fyr alle andre, — ein vilje so sterk, at dei visioner, som dei utan hjelp av talat elder skrivet ord kann kalla fram fyr sin eigen fantasi, i same augneblinken stig ut or den og inn i røyndi, so tilskodaren fær sjaa, høyra, kjenna og liva med i dei, til dei er burte att, men likevæl sit fast i hans undrande minne i lange tider. Dei brukar ikkje vitenskapen til fyrebersla, naar dei vil gjera sine kunststykkje. Dei tenkjer snaudt nok paa aa moroa andre enn seg sjølv med dei! Fyr dei er det endemaal godt nok, naar dei kann fullnøgja seg sjølv. Det maatte vera sers gildt aa vera ein sovoren mirakelmann, — naar ein kunde sleppa aa sjaa. so fatik, skiten og fillutt ut som dei austerlandske elder dragast med fløyelstrøya og det lange haaret som dei vesterlandske. Ein skulde koma og gaa utan aa vera til nokor bisn; te seg sømelegt paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free