Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
63
saman um godt og vondt i alle livsens umskifte,
soleids ogso utsyni til Kyrkjegata. Sæle
Petterqvist sin armstol stod midt imot hennar høgsæte,
og fyr den galdt same strenge loven.
No stod han tom — av vyrdnad fyr den sæle
eigaren sitt minne.
Fru Petterqvist vilde aldri koma til aa tola,
at einkvar annan sette seg i den stolen. Aldri i
verdi! — Der hadde den kjære gamlingen hennar
setet og dubbat, “naar han ventad paa
ettermiddagskaffien, med' ho trufast vakte og vaktad
paa, at han ikkje gav seg til aa snurkla. Berre
ho høyrde aldri so litet, var ho der strakst med
eit neisande:
„Men — Petterqvist !%
Nei den plassen var heilag! —
Fru Petterqvist klemde sund ei taara i eine
augnekraai.
Aa ja, fyrr ein veit ordet av det, so — —
Men det var vel best fyr Petterqvist, at det
vart slutt, so han slapp liggja og tevla lenger!
— Lenge hadde ho misann helder ikkje haldet
det ut —
— ja det vil segja: ho skulde rett ha gjort
si pligt, til ho sturtad; det var ikkje spursmaal
um annat! Men naar han no døydde, so var
det vel best soleids.
Fru Petterqvist sukkad og tenkte paa si
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0063.html