Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
64
eigi sæle endelykt. Snyktad litt og turkad seg
um augo med ein rein lummeduk.
Ho kunde ikkje rett skyna, at det var gjenget
so fort med mannen, so frisk som han var lika
til det siste! — Ho hadde spurt han, siste dagen
han livde, korleids det var med han, og um han
hadde sovet godt um natti.
„Aa jau, mykjet godt!“ hadde han svarat.
Ho totte endaa, ho saag, korleids han strekte
seg og sa: ,Sovet godt i natt. Eg søv alltid
godt, etter du kom til aa liggja inni ditt eiget
rom. Du vekte meg alltid med snurklingi di!“ —
Han, som sjølv hadde snurklat som ein øyk! —
Ja, herre gud, den mannen! Men han hadde
voret studnaden hennar i sju og tjuge aar, —
og no var han dø'! —
Dette um snurklingi hadde voret den einaste
skyen paa deira lukkehimmel. Det var vortet ei
æressak fyr dei baae, at dei ikkje vilde vera ved
sitt eiget lyte i so maate, men freistad yvervitna
einannan um, at det var den andre, som var so
leid med den uhøvelege naselaaten. Og dei tok
det alltid med ein braadleik, som um det hadde
goldet deira ævelege sæla.
Ikkje eingong siste dagen kunde han tegja
med det! Og ho torde ikkje segia imotdaa, for
“doktaren hadde krevt varsemd paa alle vis, so
Petterqvist hadde fenget siste ordet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0064.html