- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
65

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

65 Men fenkt det hadde ho. For Ao hadde rett! Og fyr alt i verdi kunde ho ikkje lata vera aa letta munnen i minsto og leggja imot: „Men — Petterqvist ! Nett med same fekk Petterqvist ei kjøvingsrid og døydde. Døydde soleids, som det kunde høva ein aktande og vælvyrd byens borgar, som veit, at han hev gjort si pligt og livt eit ulastande liv. > Ei og onnor ungdomssynd — eitkvart litet inkjevetta hadde rett gneget han i samvitet eingong imillom, naar han ikkje hadde nokot aa ta seg til. Herre gud! — kven er rein i denne syndige verdi! Men det fekk han nok tilmgjeving fyr, og stor sut hadde han ikkje helder fyr dei smaatingi. — Fyrr han døydde, vann han sukka, at ingen ting i verdi var so godt, som naar ein etter vælgjort dagsverk kunde liggja og kvila i ei springfjørseng med ægte dundynor i. Ingen ting i verdi! Og so sovnad han inn i den ævelege kvild so lett og stillt, som ingen ting var hend. Fru Petterqvist kunde alle hans „siste ord“ utantil. Gong etter gong kom dei henne i minnet. Og so kom taarorne og. Men med taarorne kom tanken paa, at ho hadde andre pligter enn sorgi. Ho hadde dei tvo gjenteborni sine, dei arme faderlause. Dei laut ho fyrst og framst tenkja paa. Adolf Paul; Blindebukk. 5

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free