- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
68

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68 det skulde ho nok syta fyr! tenkte fru Petterqvist. Ho vilde tala med Ekström paa sette timen. — Ekström var yngste kantoristen deira. Han var blaaøygd, hadde mjukt, svart munnskjegg og var so vakker aa sjaa til som ein Adonis. Og soleids som han kunde dansa vals attaat! I heile byen fanst det ikkje hans make. Dei unge gjentorne sprang reint galne etter Ekström. Dei lagad det alltid so, at dei kunde raaka han paa gata, naar han gjekk til kantoret, elder naar han skulde heim att; i tanken gav dei han kjælenamn, og naar dei song um: ,Guds sköna engel med ögon blå — med ögon blå — med ögon blå,“ so meinte dei alltid Ekström. Men han brydde seg berre um Alvhild, — han, som dei andre unge herrarne. Ho var fyr dei det same, som Ekström vår fyr dei unge damerne — berre med den skil, at ho brydde seg ikkje meir um den eine enn um den andre. Lika sidan ho kom heim ifraa utlandsferdi si, hadda ho voret reint kald og stutt paa det. Ho tedde seg alltid sømelegt; det skulde ingen annat segja; men ho gjekk liksom og drøymde seg i ei onnor verd. Og idet siste hadde ho reint teket av. Ellest skulde nok fru Petterqvist hitta raad fyr det! — Ho visste nok, kvar skoen tok, endaa Alvhild med sitt gode uppelde naturlegvis laast som ingen ting. Men fru Petterqvist hadde gode

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free