Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
71
han, som ho aldri skulde ha voret der. Sterten
datt av, og den gamle hudi likeins. Og fram
kraup eit individ. med fire føter, ein fullferdig,
vælvyrd frosk, som var glad i freden og hadde
eit stort, vænt gap til aa fanga smaa søte flugor
med. Ein turvte ikkje vera kvik og uppfinnsam,
naar ein væl var komen so høgt upp i
samfundsstigen, at ein var vorten ein vælhalden frosk.
Berre ha det store gapet og kunna gjera dei
rette sparki med bakføterne. Daa kunde ikkje
flugorne — det beste, som fanst — lata vera
aa detta beint ende ned i magen, utan at ein
trong ynskja det eingong! — —
Fru Petterqvist sukkad og kastad endaa ei
fluga ned til frosken. Han hoppad, gapad,
svelgde og stirde. Fru Petterqvist stirde igjen.
Og so sat dei der, dei tvo gode livi, og
hadde det godt og gledde seg i freden, som dei
hadde ervt etter rovdyrsnaturi i fyrste lid —
utan at dei visste kvifyr. Og hadde berre inst
i eikvar kraai tett med magen ei urolig kjensla
av, at logni og freden kanskje kunde faa ein ende.
Men det var vel berre ei leivning av den
upphaldsdrift, som meinkad deira avlidne
fyregangarar i aa stikka den faarlege bakfoten for
tidlegt ut or rovdyrskinnet og bergad dei ifraa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0071.html