Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
73
som var gjøymd inni skogen og i mugg gjorde
seg grøn fyr solskinet. Dei gjekk der og balad
med slaatten — husbonden sjølv og Korsberg og
tenestgjenta.
Alvhild med ei liti korg paa armen, ein raud
parasoll i handi: og ein schåferhatt paa hovudet
trippad med smaae stig og likesæle kast paa enden
ned imot den grøne engi. — Det saag so poétisk
ut der nede!
Høyløda, som stod der med eine enden tett
burti kjosen, var daa reint eit framifraa
akvarellmotiv! — Graae, mosegrodde timberveggjer,
morknad her og der og med snusbrun dumba +
sprikkorne. Torvtaket med grøn mose og
grastuvor, der ein og annan vaagsam smørblom
stod og glaamde paa ein smeikjande blaaøygd
geranium. — — Ho vilde gaa her hit med
fargeskrinet og skisseboki i morgon tidlegt og maala.
av dette, fyrr ho reiste!
Det vart middags-kvild der nede. Gamle
Korsberg, som ho nyst hadde set gaa og banka
med ein ljaa, kvarv burt, som han skulde vera.
sokken i jordi. Og husbonden og tenestøgjenta
saag ho ein augneblink, fyrr dei kvarv vekk attum
nokre store pilebuskar i skogtrømi.
Ho kom ned til engi, tok tak i ei pilegrein
paa andre sida av veiti, rette ut den vesle foten
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0073.html