- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
75

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75 so skynad ikkje Alvhild han naturlegvis, men stod der og saag undri og spørjande paa han. Tenestgjenta kom fram attum den store busken, vart sprutande raud og bljug av, at frøkni skulde sjaa henne nett no, gjorde seg ærend attum løda og kom ikkje fram att meir. Og burti skogen knast turre greinor under tunge stig, til husbonden um ei stund kom fram i dagen eit langt stykkje der ifraa, som gjenta var komi. Men Alvhild stod der framleides og undradst. So ropad ho husbonden burt og spurde, um han visste, kvar det fanst gildt mykjet jordbær. Han kom fram til henne, skrapad med foten og nigjad, so den svarte luggen gleid ned i skallen paa han. „Jau — um vesle frøkni vilde gaa upp fyr bakken att og so ned paa andre ledi — og so til vinstre og so beint fram til svida, so skulde ho nok finna, so mykjet ho vilde ha!“ sa han. „Takk!“ sa Alvhild, gjorde ein blidleg nikk med hovudet og gjekk uppfyr bakken att. Ho hadde aldri fyrr høyrt husbonden segja so mykjet paa ein gong. Uppaa bakken snudde ho seg og saag attende. Gamle Korsberg gjekk der nedpaa engi att, krylryggjad og lang og bankad med ljaaen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free