Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
76
til høgre og vinstre og slengde ut sol-gneistar til
heile verdi med det blanka beltet. Og husbonden
gjekk til liks med gjenta og rakad høyet i hop i
ei lang graagrøn stripa burtyver den mjuke
bædden. — —
— Ho hadde daa voret nedi ein rettig idyll!
— Ho laut gaa der ned med fargeskrinet i
morgon! Motivet høvde so framifraa godt til aa
maalast av paa ei stas-krukka.
So drakk ho sitt visse maal mjølk um eter
middagen og gjekk i seng, med same klokka slo
nie. Og sovnad so søtt og drøymde um gull
og grøne skogar, og fine bøar med hjurdinggutar
og hjurdinggjentor, som rakad høy ilange,
graagrøne strimor og saag so blidlegt paa einannan
med myrke, smeikjande augo. Men gamle
Korsberg fylgde etter med eit raudt silkeband
um halsen og flein stygt og sa „bæ-æ!“ som eit
smaalog.
Men kvar gong han sa bæ, totte Alvhild,
at det lét so usømelegt, at ho slett ikkje kunde
skyna det, men laut sjaa undri paa han. —
Og hjurdingen saag paa hjurdinggjenta, og gjenta
slepte gamle Korsberg sitt raude silkeband, som
ho hadde um armen, lagde riva ifraa seg og
gjekk inn i skogen med han — attum den store
pilebusken.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0076.html