Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
77
Der snudde dei seg, og da saag Alvhild, at
det var husbonden og tenestgjenta. Og ho totte,
dei saag so morosame ut i dei fine silkeklædi,
at ho laut læ høgt. — Men inni skogen knast
og knakad det, som um eit av udyri, det
nemnest um i gamle segner, for og braut tréi ned, —
og det sukkadso tungt, sukkad og knakad og knakad
og sukkad, so ho vart reint ræd og vilde skrika.
Men ho var ikkje god til aa faa fram ein einaste
laat, kor mykjet ho balad. Og nedpaa engi
stod Korsberg, stor som ein rise og stiv som ein
stake, og svingad knytteneven i lufti, so det
gjekk byrtingar kring han. Og sukkarne vart
sterkare og sterkare i skogen og knakingi verre
og verre, — og ho høyrde eit maal, som
jamrad seg. — —
Ho vaknad braadt og sat i sengi med
bankande bringa av rædsla, og kaldsveiten silad
ned yver skallen. — Ho høyrde det jamra seg
ein gong til. Det var i romet attmed, der den
vesle gjætslegjenta laag. — Ho drøymde visst
eitkvart fælslegt, den stakkaren, so det var best
aa vekkja henne.
Alvhild gjekk stillt fram til døri og let upp.
Ho ropad ein gong — og so ein gong til. Og
so reiste det seg ein kvit skapning upp or sengi
og kom berrføtt fram til henne, og Korsberg sitt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0077.html