Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
78
gruggne maal sa illslegt, at ,sovorne
storfolkungar skulde daa gaa og stikka nosi upp i alt
slag og! — Ho kunde gaa og leggja seg, ja, og
lata andre folk faa vera i fred!“
So skauv han henne innatt i romet hennar
og slo døri att.
Men heile natti sidan fekk ho ikkje blund
paa augo, men laag berre og skalv. Og strakst
um morgonen etter fôr ho av garde so fort, at
ho gløymde det gode akvarell-motivet, ho hadde
tenkt seg til aa maala av.
Kona i huset rodde henne yver viki til
eimbaatsbryggja, og paa vegen nemnde Alvhild, at
ho var vorti so daatt med i natt, daa ho høyrde
ein kar snurka i kammerset attmed. Det hadde
visst voret Korsberg, — ja ho høyrde han tala
og. —
Kona sa eitkvart argt fyr seg sjølv. So
beit ho tennerne saman og tok i med aararne,
so vatnet fossad fyr stemnet.
— Fru Petterqvist og Ragnhild kunde ikkje
nok laata væl yver, kor frisk og lubbig og
raudleitt Alvhild saag ut, daa ho kom heim att.
Herre gud, kvat under den mjølki og den
landlufti endaa kunde gjera! Og medan Ragnhild,
som var husraadig av seg, gjekk ut og lagad
ettermiddags-kaffien, fekk mor og dotter ei fisle-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0078.html