- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
79

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79 stund tvoeina um alt, som hadde hendt og kunde ha hendt. Alvhild fortalde so væl um landsfolks sed og skikk, kor einfeldt alt var; lagde sine ord væl til rettes og var høveleg harm, daa ho kom til soga um Korsberg sine berre føter og grove munn, — og rygde seg høvelegt, daa ho nemnde, kvat ho saag og høyrde i draumen, og det jamrande mælet, som ho høyrde skilegt, daa ho vaknad. So fru Petterqvist var sikker paa, at dotteri ikkje skynad den ringaste grand av det, som det eigenleg var tale um; elder at ho i minsto var so væl uppali, at ho ikkje brydde- seg um aa ha greida paa det. — So varsamt ho kunde fortelja og jamna yver alt, som var altfor beintfram! — Ja, den gjenta! — Men korso kunde ikkje fru Petterqvist bara seg, men laut knisa ender og daa, og Alvhild skauv augnebryni upp og spurde med eit barnslegt, undrande mæle: „Men kvat er det, som er so morosamt, mama?“ „Aa, svarad fru Petterqvist, — „det Var berre nokot løglegt, eg kom i hug!“ — So sveiv tankarne hennar burt paa giftermaalsgreidorne med Alvhild. „Det er sant,“ sa ho braadt. „Ekström

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free