Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
80
etlar seg hertil paa avskils-vitjing i kveld. Han
hev fenget ein betre plass, og eg vil ikkje staa
i vegen fyr hans karriére!%
Ho skjeglad burt paa Alvhild og vilde sjaa,
korleids ho tok det.
Alvhild berre saag upp av mynstret, ho
hadde teket til aa teikna.
„Du gav han vel eit godt vitnemaal, mor?“
»Framifraa!“ sa fru Petterqvist. „Han er
daa slikt eit dugande ungmenne!%
„Aa hja, — han dansar guddomelegt“, sa
Alvhild; „men han segjer ingen ting. Han er
visst litt tosken!“
Det lettad ein stein ifraa morshjartat.
Tosseskap var det einaste, Alvhild aldri kunde tilgjeva,
og vitsemd det einaste adelsmerkje, ho hadde
vyrdnad fyr, — ifraa dei greivelege og nedetter. —
— Ekström kom, nyrakad og i sin finaste
bunad. Alvhild talad med han um handel og
framtidsvonerne paa hans livsveg og vaktad so
væl paa, at det ingi togn skulde verta, at
Ekström berre turvte segja ja og nei, læ litt ein
gong imillom elder sjaa undren ut og spørja:
„tykkjer de det?“ — med' han sat og
smaasveitad og sveivad paa den nye hatten sin.
So spurde fru Petterqvist, um dei ikkje skulde
ta seg eitkvart til. Kanskje skulde Alvhild spela litt?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0080.html