- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
82

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82 han handi til avskil, gav han handi ein lang kyss. Ho raudnad ikkje eingong, men tok det berre fyr ei vanleg vyrdnads-hyllest. Men i døri snudde han seg og saag paa henne endaa ein gong, og han lagde so mykjet i augnelaget, som han aldri nokorsinne fyrr hadde fenget mod til aa segja henne, at ho vart reint tryllt. Han saag det, tok eit stig imot henne og vilde tala. — Men daa skundad ho seg og sa, at han maatte fyr alt ikkje gløyma aa senda henne fotografiet sitt! Det gav han henne sitt heiders-ord paa med eit handtak til. Og so gjekk han endeleg. Og Alvhild saag aalvorleg ut, som um ho hadde voret uppi ein heil roman, daa mori og Ragnhild kom inn att. Ragnhild spurde speande, um ho skulde faa lov til aa gratulera; men fru Petterqvist tok morsmina paa og sa, at Alvhild var ei vitug gjenta. Og so strauk ho henne yver haaret og kysste henne paa skallen. Det turvtest ikkje mange vitjingarne av den unge Stormbom elder stor yverteljing av mori, fyrr det var visst millom han og Alvhild. Og daa trulovingstidi var ende og huset deira i Helsingfors innreidd, og fru Petterqvist hadde gjenget god fyr hundrad tusund aat Stormbom til aa vida ut handelen med, og so han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free