- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
93

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

93 So gjekk han paa brettet att, og det var ikkje ein av dei reisande, som torde gaa upp og snakka til han. Dei aat, og dei drakk og dreiv tidi paa beste maaten og vart so endeleg einige um, at tjukka kom til aa halda ut heile natti, so dei fekk ta det med ro og gaa til kois. Smaatt um senn kvarv dei burt kvar i sitt rom. Alvhild gjekk einsleg att og fram uppaa dekket. Det var komet yver henne slik ei undarleg uro, etter ho hadde set den boki, han hadde skrivet, — boki um hans „storverk“, som folk talad so mykjet um, og som han no sjølv og var teken til aa tala um. — Jaso — helten i hennar draumar hadde altso berre gjort slikt, som folk talad um! — Og som han no selde fyr so og so mange krunor og øre i bokhandelen! — Hennar draum, som ho ikkje hadde viljat vanhelga med aa ta eit ord paa si tunga um han, — den var vel og vorten ei sovori hokhandels-vara daa! — — Men kvatiguds namn skulde det daa verta av henne sjølv! Ho hadde ikkje alltid voret den strenge og væl uppalne vækja, som ho var, daa ho kom heimatt ifraa si utanlands-reis! Aa nei, ho hadde ogso havt ville og kaate hugsviv, ogiein augne-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free