Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
94
blink hadde ho endaa til voret so vaagsam, at
ho var lika hendt og gav etter fyr den
innestengde hugen til aa vera sjølvstyri til gagns ein
gong, — sjaa og høyra eitkvart æventyret, —
vera med i eitkvart reint framifraa undarlegt, som
ho sidan kunde hugsa i lange, lange tider og
skjelvande av fysna skriva endelause brev um til
sine beste vener.
Ho hadde daa verkeleg ogso raakat uppi
nokot og trudde, det skulde verta upptaket til
ein heil livs-roman. Og ho vonad endaa det
same, berre tidi hadde voret til, at han kom att!
Men det hadde ho ikkje skrivet ei linja um til
sine beste vener.
Og det skulde vera berre ei vanleg
ungkarsdaad! —- Kvat var vel ho daa — kvat var vel
ho daa! — —
— Um ho endaa hadde laant boki!
Det var so nær aat, at ho skulde be um
henne — fleire vendor. Men den andre kunde
snart ha fenget mistankar, naar ho var so sers
forviti. — Og litt rædd var ho ogso, at ho skulde
faa vissa fyr det, ho ikkje vilde vita, — men
som ho laut faa greida paa, um det so skulde
kosta aldri det!
Ho vart meir og meir uroleg og gav slett
ikkje gaum efter, at ho vart aaleina paa dekk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0094.html