Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
95
Daa mannen kom burt og spurde, korleids det
var med henne, beit ho aat han, so han hadde
seg vekk strakst.
I tankarne samanliknad ho mannen med
helten i sine draumar. Og med giftarmaalet til
myrk bakvegg lyste draumen fram att til det
gamle, han hadde voret. Otten kvarv og gleid
yver i veike draumsyn. Time etter time dreiv ho att.
og fram paa dekket utan aa trøyttna.
Skodda hekk tjukk, kvit og tung som ein
samankovd røyk yver vatnet, vætte dekket, riggen
og mastrene, tettast saman til tunge dropar, som
langsamt kom glidande nedyver, slepte seg og
klaskad i dekket ein fyr ein.
Eimen frøste kokheit or ventilarne, utoleg
avdi han ikkje fekk bruka si magt, fara inn i
cylindrarne paa sin lovlege veg og driva fartyet
fram, berre fram, med full kraft. Berre no og
daa gjorde propellen eit — tvo — tri slag og sparkad
baaten nokre famnar fram —. elder rykte han
eit tak attende or nærleiken av den løyndoms-.
fulle faare, som manden med loddet spæjad etter
og varnad fyre.
Eimflyta lét, rædd og leitande. Ei onnor
flyta svarad einkvar staden langt burti tjukka.
Graatmildt sangrad dei sin elskhugs-duett utan
nokorsinne aa koma einannan nærare.
Fredlaus vankad den einslege Alvhild att og:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0095.html